Vi arbeider målretta mot å få betre kompetanse på produktdokumentasjon og ulike miljøsertifiseringsordningar i våre medlemsbedrifter. Marknaden og forbrukaren vil stille strengare krav om sertifisering på våre produkt i nær framtid. Vi vil difor invitere til ein effektiv ettermiddag der du får presentert regelverkets krav til produktdokumentasjon og marknadens mest aktuelle miljøsertifiseringsordningane.
«Produktdokumentasjon og sertifisering av skurlast og trevare»
- Hotel Alexandra i Loen, Stryn kommune
- Delar av seminaret vil bli streama og kan difor følgast digitalt, bruk påmeldingslenka
- Påmeldingsfrist 10.02.2023
Seminar med tema om produktdokumentasjon og miljøsertifisering.