- Vegen inn i trevarebransjen var ganske tilfeldig for min del. No er eg veldig glad for at det var nettopp det som skjedde. Derfor er det naturleg for meg å vere ambassadør for trevarebransjen og snekkarfaget, og å dele erfringar med andre ungdommar om korleis det er å vere lærling ute i ei bedrift.
Dette seier Anna Regine Vada Blom. Ho er lærling ved trevarebedrifta Rovde møbel og design AS på søre Sunnmøre og ein av åtte ungdommar i Norske Trevarer si nye ungdomsgruppe. Nyleg møtte ho over 50 ungdommar ved Ørsta vidaregåande skule for å fortelje om sine erfaringar frå trevarebransjen.
- Dette var spennande og gav meirsmak, seier den unge trevareambassadøren, som er klar for nye «snekkarturnéar» så snart smittesituasjonen tillet det.
- Det er nyttig å treffe ungdommar på denne måten. Sjøl om det ikkje nødvendigvis blir så altfor mange spørsmål i eit stort plenum, så er det likevel ein fin måte å nå fram med informasjon på, samtidig som det gir oss påfyll og innspel som vi unge kan ta med tilbake til dei vaksne i norsk trevarebransje, seier Vada Blom.
Vil ha fleire ungdommar til snekkarfaget
Målet med det nye ungdomsteamet i Norske Trevarer er at fleire ungdommar frå heile landet skal få opp augene for snekkarfaget og trevarebransjen.
Aldri har så mange ungdomar som no bestemt seg for ei yrkesfagleg utdanning. Dette er ein nasjonal trend som også er gledeleg for norsk trevarebransje, men det er framleis ein større jobb som må gjerast for at ungdommar flest blir godt kjent med kva mulegheiter som er innan snekkarfaget og trevarebransjen.
- Det er jo gjerne ungdomane sjøl som veit best korleis vi skal nå fram til dei unge med ein tydeleg bodskap. Det kjennest naturleg å fortelje om min veg inn i denne bransjen, kva som er mine arbeidsoppåver og korleis det er å vere lærling ute i ei bedrift, seier Anna Regine Vada Blom.
- Trevarebransjen og snekkaryrket er ei fin blanding av kreativitet og praktiske arbeidsoppgåver. Det er variert og interessant, ein får vere med og skape ting og raskt sjå resultatet av det ein lagar. Dette gir glede og meining, og eg gler meg kvar dag til å gå på jobb, seier den unge trevareambassadøren frå Rovde.