Det er fjerdemann i familien som no har tatt over kapteinsroret ved den godt over 60 år unge trevarebedrifta Nordvestvinduet AS. I den vesle gründerbygda Almenningen mellom Måløy og Nordfjordeid er det nesten like mange arbeidsplassar som det bur folk.
Dei siste sju åra har Rune Sætren vore administrerande direktør ved den tradisjonsrike trevarebedrifta som Jørund Almenning var med og starta opp i 1957, og det første driftsåret var det Karstein Abelseth som var leiar. Etter det var det sonen til Jørund, Dag Almenning, som var disponent i familebedrifta i over 40 år, før eldstemann Jonny i neste generasjon tok over leiarrolla ved Nordvestvinduet.
Tre generasjonar Almenning som administrerande direktørar ved Nordvestvinduet AS: Gründer Jørund, Dag og Jonny.
- Det var Jonny som var meint å løfte dette vidare, og det gjorde han på beste måte i rundt 10 år, før han dessverre døydde altfor tidleg av sjukdom. Så kom altså Rune Sætren inn som første administrerande direktør utanfor familien. Då Rune bestemte seg for å skifte beite og gå tilbake til entreprenørbransjen, låg det vel i korta at det var min tur til å ta over stafettpinnen, seier Arve Martin Almenning (54).
Trevare- og hjørnesteinsbedrifter
- No er me tett på 100 tilsette her ved Nordvestvinduet, så sidan oppstarten for 64 år sidan har det vakse på seg til å bli ei stor hjørnesteinsbedrift i vårt område. Og vi er i godt selskap med mange andre driftige folk i regionen, vi har mellom anna fleire store trevarebedrifter her i Nordfjord, seier Arve Martin Almenning.
Legg ein saman dei fire-fem største trevarebedriftene, så nærmer det seg nesten halvt tusen tilsette i Nordfjordregionen. Dette er hjørnesteinsbedrifter som er avgjerande for lokalsamfunnet sitt, slik som på Almenningen.
Innbyggarane i den vesle bygda i Kinn kommune har opp igjennom åra inspirert kvarandre til å starte opp den eine verksemda etter den andre, og nær tilknytning til sjøen gjer det attraktivt for fleire store oppdrettsanlegg. Så talet på arbeidsplassar nærmar seg talet på innbyggarar (165). Det er det ikkje mange andre norske bygder som greier å konkurrere med.
I hælane på bestefaren
- I utgangspunktet var det ikkje meininga at eg skulle jobbe her ved familiebedrifta, det var det eldstemann Jonny som skulle. Eg rusla i hælane på bestefar, som også var ein driftig gardbrukar, og han lærte oss verdien av å jobbe hardt og stå på, seier Arve Martin, som har både fagbrev og mesterbrev frå bygningsbransjen.
- Etter kvart kom eg tilbake til familiebedrifta, og her har eg no godt over 25 års fartstid, mesteparten av tida innanfor salg og marked.
Det er nærmast slektsarven han har fått lagt på sine skuldre, Arve Martin Almenning, der han skal løfte familiebedrifta over i ei ny tid.
- Å ta over ei familiebedrift er naturlegvis ei ansvarsfull oppgåve, og den har eg stor respekt for. Men det kjennest godt å føre arven vidare etter bestefar, far og bror min og sitte ved roret. Samtidig er eg veldig klar over at dette først og fremst er eit lagspel. Eg er heldig som har med meg ein stab med dyktige folk her ved bedrifta, seier den nye leiaren ved Nordvestvinduet.
Verdien av norsk produlksjon
- Eg har stor tru på verdien ved å oppretthalde vareproduserande bedrifter i Norge, og at vi kan gjere dette på ein lønsam måte. Vi må samtidig ha fokus på bærekraft og minst muleg fotavtrykk frå produksjonen, og dette gjer meg optimistisk på framtida for vår bransje og slike bedrifter som oss.
- Trevarebransjen står overfor utfordringar med å rekruttere unge, dyktige folk til bedriftene våre. Men også der er vi heldige i vår region. Vi har eit veldig dyktig og engasjert opplæringskontor, som på få år har bygd seg opp på imponerande vis. Det gjer at tilgangen på lærlingar er den viktigaste måten for oss å rekruttere nye tilsette på.