Rock og motorsyklar - pluss ein sterk lidenskap for moderne trevareproduksjon

Knut Steinnes er medeigar og gründer av trevarebedrifta Rufo AS i Hovdebygda. Sunnmørsbedrifta er ein av dei ferskaste medlemsbedriftene i bransjeforeninga Norske Trevarer.

Hardt arbeid kombinert med motorsyklar, nynorsk og lidenskap for røff musikk. Dei er ikkje som alle andre,  trevarebedrifta frå Ivar Aasens heimbygd. Dei har robotproduksjon og eigenutvikla programvare, og i fjor omsette dei for nærmare 30 millionar kroner. Det var ny personleg rekord.

Sunnmørsbedrifta har litt over 12 årsverk, og har sidan oppstarten i 1983 utvikla seg til å bli landets fremste aktør innan produksjon av transportkasser og skreddarsydde koffertar. Men trass i 40 år på baken, er det først no at trevarebedrifta frå Hovdebygda vart ein del av foreninga for norske trevarebedrifter.

- Me har vore litt på sidelinja på det området der. Me har vore medlem i ein anna bransje, men følte vel aldri at me fekk så veldig mykje ut av det. I det siste har me kjent meir og meir på at me vil vere ein del av ein flokk og eit fellesskap der me kan møte andre folk og bedrifter som er opptatt av det same som me er opptatt av.

Ganske langt ifrå gjennomsnittet
Han er altså ganske langt ifrå prototypen og gjennomsnittet av norske næringslivsfolk, Knut Steinnes, som er gründer og medeigar av Rufo AS.

- Me har vel lært oss å gå våre eigne vegar, det er litt av det som kjenneteiknar kulturen vår. Men me har stor respekt for produksjon, fag og handverk. Bransjen vår treng flinke fagfolk og lærlingar, og at ungdommar tar ulike fagbrev som gjer dei ekstra dyktige i jobbane sine.

- Me er opptekne av kva som skal til for å henge med som ei moderne produksjonsbedrift, kanskje endå meir no enn tidlegare. Men det er samtidig mange år sia me skjønte at me måtte automatisere og robotisere delar av produksjonen vår viss me skulle greie å henge med i konkurransen mot utanlandske produsentar.

- Derfor har me brukt mykje tid og ressursar på å utvikle vår eigen programvare. Me har stor grad av spesialproduksjon innanfor ganske få standardprodukt, og det har vore krevande å utvikle ei programvare som kunne automatisere og rasjonalisere dette. Men no har me greid å knekke koden. Aluminiumslistene som rammar inn kassene våre er for eksempel ein 100 prosent robotstyrt produksjon utan fingeravtrykk.

Varmt hjarte for musikken
Han har framleis eit varmt engasjement for musikken, Knut Steinnes. Det var eigentleg rock og musikk han ville bruke talentet sitt til, men så vart han altså fanga av lidenskapen for å bygge, produsere og gründe sine eigne draumar saman med andre.

- Me likar å bygge ein prestasjonskultur som samtidig tar godt vare på folk, også dei som har falle litt utanfor i livet sitt. Me vil få dei med på laget og i kulturen vår, og i målet om å bli leiande i Skandinavia innan utvikling og produksjon av transportkasser og koffertar.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: