- Det er jo litt jobb med å få det organisert, men dette ser vi fram til nesten heile året

Publisert

Juleverkstaden hos trevarebedrifta FØRRE har vorte ein populær og årviss tradisjon, som i fjor samla rundt 200 personar inne i fabrikklokala hos dør- og vindusprodusenten utanfor Haugesund i Rogaland.

Vi åpnar fabrikken og inviterer ansatte og kundar til å ta med seg store og små barn til juleverkstad hos oss. I år blir det sjette året på rad vi gjere dette, og vi gler oss stort i år også.

Salgsleiar Kate Elin Østebøvik Haugen ved FØRRE smiler nesten igjennom telefonen når ho snakkar om det som har vorte ein fast juletradisjon hos dør- og vindusprodusenten nord i Rogaland, eit kvarters køyretur aust for Haugesund.

- Dette gir oss veldig mykje glede og energi. Å kome inn i fabrikken vår når den luktar av tre, gløgg og pepparkaker er som eit lite eventyr i seg sjølv. Og når heile lokalet også summar av barnestemmer og snekkarlydar så blir dette berre heilt fantastisk, kort og godt.

Rekruttering på lang sikt
Juleverkstaden hos FØRRE blir arrangert den siste søndagen før bedrifta tar juleferie, og her deltar både tilsette og kundar med ein stor flokk av barn i alle aldrar.

- I fjor var det rundt 200 personar på juleverkstaden, så det har vakse kraftig på seg sidan oppstarten for seks år sidan. Så er det også ein veldig fin måte å tenke langsiktig rekruttering på, seier Kate Elin.

- Det er heilt fantastisk å sjå gleda i augene både hos store og små når dei samlar seg rundt arbeidsborda og lagar fine ting i lag. Det er viktig for oss å gjere barna nysgjerrige heilt frå dei er små. Det skapar minne som dei tar med seg vidare i livet.

- Barna gler seg stort til å vere med
Salgssjefen ved FØRRE nølar ikkje eit sekund på spørsmål om dette er noko ho vil tilrå også andre trevarebedrifter å starte opp med.

- Absolutt. Det er eg 100 prosent sikker på vil gje stor glede både for bedrifta og barna. Og så bygger det også gode relasjonar til kundar og lokalsamfunnet rundt oss.

- Men det er kanskje viktig å starte litt i det små, og så heller la ting vekse på seg etter kvart. I fjor var vi som sagt over 200 personar på juleverkstaden her hos FØRRE, men det aller viktigaste er at vi lagar ein møteplass som store og små gler seg skikkeleg til å vere med på.

Og heilt til slutt i programmet på juleverkstaden hos FØRRE kjem naturlegvis julenissen …

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: