- Fått til ein kraftig reduksjon i støvmengden, det hadde vi ikkje greid utan hjelp utanfrå

Terje Vethe Nordbø (t.v.), dagleg leiar i Voss Møbel og Trevareverkstad AS, og driftsleiar og medeigar Svein Inge Bidne.

- Målet er å redusere den samla støvmengden med 60-70 prosent i produksjonslokala våre. Det er vi langt på veg til å greie, men det hadde vi aldri fått til utan hjelp utanfrå. Det har vi ikkje kapasitet til.

Dette seier  dagleg leiar Terje Vethe Nordbø i Voss møbel og trevareverkstad AS. Sidan sommaren 2022 har vestlandsbedrifta hatt eit tett samarbeid med rådgjevarbedrifta Future Solutions AS.

- Vi er ei mindre trevarebedrift med 13 tilsette, og har ikkje kapasitet til å gjere oss veldig godt kjent med ulike støtteordningar og utføre omfattande søknadsrundar inn mot verkemiddelapparatet, forteller Vethe Nordbø.

- Vi fekk råd om å ta kontakt med Future Solutions for å få hjelp på dette området, og det har vi hatt stort utbytte av. Dei har god kunnskap om Skattefunn, BIO-midlar og ulike andre støtteordningar, dei er langt raskare enn oss i utarbeide søknadane, og ikkje minst gir dei gode råd om innovasjon og ulike forbetringstiltak.

Familiebedrift over generasjonar
Trevarebedriften på Voss har namnet sitt frå oppstarten i 1948, då mykje skulle byggast opp igjen etter 2. verdskrigen. Dei først tiåra var produksjonen delt på to lokalitetar, men i 2015 vart det bygd heilt nye produksjonslokale på eit næringsareal utanfor Voss sentrum.

- Eg har jobba her sidan 2006 og vore med faren min Arne på jobb sidan eg var ein neve stor. Han har jobba her sidan 1968, og tok over eigarskapet i 2004. Eg tok over som dagleg leiar i 2017, og far er framleis aktivt med i den daglege driften her på trevarefabrikken, fortel Terje Vethe Nordbø.

- Så det er mykje som er slik som det var, men det er også veldig mykje som har vorte endra opp igjennom åra, og dette er heilt nødvendig for å kunne henge med. Vi har kundar i heile Norden, og må vere raske å omstille oss til dei krava som kundane sett til oss.

- Viktig å omstille seg raskt
Voss Møbel og Trevareverkstad produserer loftstrapper, skyvedørkarmar og inspeksjonsluker, og leverer til forhandlarar både i Norge, Sverige, Danmark og Island.

- Det blir mange døgn av året på reisefot. Det må til både for å selge og for å pleie kundenettverket vårt, og ikkje minst for å lytte til innspel til nødvendige endringar i produksjonen vår.

- Det er då vi treng den type kompetanse som for eksempel Future Solutions sitt på. Dei bistår med tenking, planlegging og innspel, skriv søknadar og rapportar, og køyrer prosessar saman med dei tilsette slik at vi kjem oss raskare til målet.

På oppløpssida med støvprosjektet
- Dette har ført til at vi allereie no er på oppløpssida med støvprosjektet vårt. Det var viktig for oss å redusere mengden med støv i produksjonslokala våre, og i løpet av 2024 reknar eg med at vi er heilt i mål med dette arbeidet.

- Då har vi kanskje greid å redusere med støvmengden med 60-70 prosent, og det er vi i så fall veldig fornøgd med, seier leiaren i Voss Møbel og Trevareverkstad AS, som i fjor omsette for rundt 34 millionar kroner.

- Eg er redd det blir noko mindre i år. Vi er naturlegvis prega av det som skjer i byggenæringa, men vi har vore igjennom krevande periodar tidlegare også. Eg trur vi kan sjå lysare tider allereie til hausten, iallfall til neste år. Og det er også i tråd med slagordet vårt: Me har tru på framtida.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: