- Industri og produksjon tilhøyrer ikkje fortida, det er det vi treng i framtida

Publisert

Nasjonalbibilotekar Aslak Sira Myhre er ein kunnskapsrik og engasjert samfunnsdebattant. Under Norske Trevarers landsmøte i Stavanger i slutten av mai skal han halde foredraget «Forteljinga om eit land bygd av og med tre» om kor viktig industri og vareproduksjon blir også i framtidas Norge. Foto: Gorm K. Gaare, Nasjonalbiblioteket

- Vi lever i ei tid der mange har trudd at industri og produksjon tilhøyrer fortida, men det er ein stor trussel for samfunnet vårt å tenke slik. Det er naturen og ressursane våre det handlar om, og då me også evne å produsere og leve av det.

Stavangerpatriot og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre (51) vender tilbake til heimbyen når han skal møte norsk trevarebransje i samband med Norske Trevarers landsmøte i oljebyen i slutten av mai.

Kunnskapsrik og engasjert
Sira Myhre er eit kjent namn frå politikken, mellom anna som leiar for partiet RV frå 1997 til 2003, og han er ein kunnskapsrik og engasjert samfunnsdebattant og forfattar, også med fotball som tematikk.

Han har vore ein aktiv skribent i norske og utanlandske aviser og tidsskift, mellom anna svenske Aftonbladet og amerikanske Washington Post, og kommentarane han skreiv om terrorangrepa i Norge 22. juli 2011 er oversatt til meir enn 20 språk.

Frå 2006 var han dagleg leiar for Litteraturhuset i åtte år, før han i 2014 vart utnemnd til nasjonalbibliotekar og dermed øverste leiar for Nasjonalbiblioteket i Norge.

- Skogen ein sære viktig ressurs
Det er med dette bakteppet av kunnskap at Aslak Sira Myhre skal halde foredraget «Forteljinga om eit land bygd av og med tre» for norsk trevarebransje når Norske Trevarer møtes til landsmøte i Stavanger frå 23. til 25. mai.

- Det er tusen ting vi kunne ha snakka om, men det er to ting eg vil legge ekstra vekt på i innlegget mitt. Det eine er det industrielle perspektivet, kor viktig det er å rigge samfunnet vårt for produksjon, handverk og verdiskaping, seier Sira Myhre.

- Det andre handlar også om det å produsere ting, og i dette tilfellet med skogane våre som ressurs. Vi er eit land som i stor grad er bygd i tre, og dette må vi forsterke og bygge vidare på. Vi skal bruke, foredle, produsere og leve av dei naturressursane vi har, og for Norge er skogane våre ein særs viktig ressurs.

Utdanning, fagkunnskap og handverk
- Eg kjenner ikkje norsk trevarebransje godt nok til å kome med konkrete råd og innspel heilt ned på detaljnivå, men eg har eit sterkt engasjement for kor viktig industri og vareproduksjon er for samfunnet vårt, og ikkje minst kor sentralt dette må bli i korleis vi skal forme identiteten og verdiskapinga vår i framtida, meiner Aslak Sira Myhre.

- Industri og produksjon må altså byggast på dei naturressursane vi har. Det er det som er mitt viktigaste bodskap. Då må vi også ha med oss den fagkunnskapen som er nødvendig for den produksjonen vi skal ha. Utdanning, fagkunnskap og handverk er sentrale stikkord i denne tematikken, og det vil eg også kome inn på i foredraget mitt i Stavanger.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: